Annonsere | Om Barnemix   

HVA ER LEK?

Skrevet av Ann-Kristin Høines


Det finst ulike typar leik som regelleik (sisten, fotball), rolleleik (mor og barn), songleik (Bjørnen sover), rimleik (elle melle), fri leik og ekte leik. Leik er eit ord som rommar mykje, og ofte kan det virke som ei definisjonssak kva vi meiner er leik.

3.1 Frivilleg aktivitet
3.2 "På liksom"
3.3 Beskyttande rammer

3.1 Frivilleg aktivitet
Av erfaring veit vi at barn leikar når dei arbeidar, dei lærar når dei leikar og dei arbeidar når dei lærar. Men det blir feil å seie at leik er barnets arbeid. Arbeid er naudsynt for å overleve og for trivselen sin del. Barns leik blir ofte sett på som ei sysle som ikkje er naudsynt. Den har ikkje noko bestemt mål eller funksjonell verdi. Leik er å drive med noko for si eiga skuld. Forskera synast å vere einige om at middelet skuggar over målet, og at det er prosessen framfor produktet som er viktig i barns leik. Leik er ein frivillig aktivitet og blir på den måten styrt av ein indre motivasjon. Den blir til i augneblinken, som sagt så gjort. Gleda ved å leike ligg nettopp i denne fridomen. Barn leikar fordi det er morosamt. Behovet for å leike blir ein naturleg del av barnet sin natur og leik er si eiga belønning. Dette blir den frie ekte leiken, barna sin eigen kultur der barn sine premiss står i fokus.

3.2 "På liksom"
Riktig leik kan bere oppstå når det fridom frå truslar, utryggleik og sterk spenning. Den blir hindra i å komme til uttrykk om ein har kjensler som redsle, sorg eller sinne, eller er svolten trøtt osv. I leiken kan barnet bli redd, lei seg eller sint, men det er fordi det skjer innanfor dei vernande rammene leiken har. Leik er skilt frå det " verkelege livet", leik er "på liksom". På den måten kan ein prøve, øve, oppleve og minnast utan at det får ein vidare konsekvens for det verkelege livet. Dei indre førestellingane rådar over dei ytre omstenda. Ein kopp som står på bordet kan bli ein båt på veg til Amerika, ein stol kan bli ein hest, kameraten kan vere ein sint mann og du eit troll. Fantasi blir eit viktig stikkord. For ein viktig del av leiken er nettopp å kunne førestille seg, late som og drøyme seg bort.

Eit anna særmerkje ved leiken er det aktive engasjamentet. Barn som leikar "hverken ser eller høyrer". I leiken dannar barn seg ei "eiga verd" som forsterkar konsentrasjonen og fangar heile merksemda. Men sjølv om det bere er på liksom tyder ikkje det at leiken ikkje kan vere alvorleg nok for barnet. Barnet misser ikkje kontakten med det som er verkeleg, men grensa mellom leik og alvor er flytande. I samspel med andre barn utviklar barn ei forståing av når leiken går over i alvor, til dømes når reglane blir brotne. Ekte leik er å tilfredsstille den naturlege nysgjerrigheita og den indre lysta.ring

3.3 Beskyttande rammer
Sidan målet ikkje er viktig, er heller ikkje risikoen for å misslukkast så stor. Innanfor dei beskyttande rammene til leiken kan ein prøve forskjellige måtar å oppføre seg på, forholdsvis risikofritt for dei konsekvensane som skulle følgje om det hadde vore alvor. Ein kan prøve uvanlege løysingar når ein skal bygge trehytte, og le om det går gale. Leik gjev ein fridom til å prøve og feile utan å bekymre seg over følgjene.

Illustrasjon ved Ann-Kristin Høines

Vi kan knyte mange assosiasjonar til ordet leik og sjølv om vi kan legge ulike tydingar i ordet, synast det å vere fellestrekk som går igjen. Indre motivasjon, fridom og glede er sentralt. Ein mogleg definisjon på leik som oppsummerer mykje av dette er:

"Ekte leik er spontan i det den springer ut fra barna sjøl, ut fra deres forutsetninger på det utviklingstrinn de står på. Under forutsetning av at miljøforutsetningene er til stede, er den ekte leiken barnas dominerende virksomhet. Ekte leik er sjølve hjertet i barns natur." (Kroppsøving, 1993)

 

 
Til kva seier L-97

 

Søk på Barnemix:

Rosa og Ridderen
Adorables
muffeladen.no









Det er forbudt å kopiere bilder, innhold eller oppsett fra disse sider uten skriftlig tillatelse.
Copyright © 2006 Barnemix | Tips oss | Annonsere her? | Til toppen