Lille Mille
Annonsere | Om Barnemix   

HVORFOR ER LEK VIKTIG?

Skrevet av Ann-Kristin Høines

 

Eg har tidlegare sagt at leik ikkje har noko bestemt mål. Leik er ein frivillig aktivitet prega av glede og undring. Det er kanskje nettopp denne fridomen som gjer at leiken gjev så stort utbytte, meir enn dei fleste av oss tenkjer over. Sjølv om mykje av denne læringa er ubevisst må den ikkje undervurderast. Leik gjev så mykje fordi den tek utgangspunkt i barna sine premissar. Den øver blant anna barn i sosial, intellektuell, språkleg, fysisk og motorisk dugleik.

4.1 Sosial dugleik
4.2 Intellektuell dugleik
4.3 Språkleg dugleik
4.4 Motorisk dugleik
4.5 Fysisk dugleik

4.1 Sosial dugleik
Med sosiale dugleikar tenkjer eg på den sosialiseringsprosessen som vi alle går igjennom. Det å lære seg lover, regler, normer og verdier, og tilpasse seg miljøet rundt. Gjennom leik kjem barn i kontakt med andre. Det kan vere andre på sin eigen alder, dei kan vere yngre eller dei kan vere eldre. I denne samhandlinga blir det utvikla eit eige sett av normer, verdiar og reglar for leiken. Desse kan variere, men felles for dei er at dei alltid vil vere der. For å få leiken til å fungere tilpassar barna seg etter desse uskrevne reglane. Dette er ein del av sosialiseringsprosessen, det å kunne ta til seg ei bestemt gruppe sin kultur, verdi og livsmønster. Dette er ein prosess vi alle gjennomgår for tilpasse oss samfunnet vi lever i, og mykje av leiken er nettopp slik tilpassing. I leik blir det diskutert og reflektert, denne prosessen gjer at born må tenkje over sine eigne og andre sine haldningar og handlingar. I fellesskap utviklar dei seg reglar og normer for å tilpasse seg omgjevnaden.

Av og til kan barn synast å bruke meir tid på å diskutere og ordne opp enn sjølve leiken. Men dette er ein viktig prosess i leiken. Leik skal vere rettferdig, det å vente på tur er viktig. Om nokon bryt dette kan det løyse ut heftige diskusjonar. Gjennom desse diskusjonane lærar ein seg å samarbeide og løyse problem i fellesskap med andre. Når dette samspelet er godt, får alle moglegheit til å bestemme og bidra med idear. Eit slikt samarbeid krev mykje av barna. Dei må høyre etter, inngå kompromiss, forhandle, hjelpe og dele. Rolleleik er fortryllande og forbindande og i ei tid då mange barn er overstimulerte og ukonsentrerte bør difor leik ikkje undevurderast.

Illustrasjon ved Ann-Kristin Høines

rolleImitasjon er ein viktig del av leiken, det å førestille seg noko og prøve det ut. Når barn til dømes leikar politi og røvar er det bere på moro, og det kan synast å ha lite med det verkelege livet å gjere. Men gjennom denne leiken lærer barn og ta vare på kvarandre, dei tek avgjersler, dei kommuniserer og samarbeider. Gjennom rolleleiken tilpassar barn seg dei rolleposisjonane som styrar den leiken dei held på med. Dei får lære seg konsekvensar av sine rollehandlingar. Dei lærer til dømes om det sosiale regelsystemet når dei leikar "slemme barn" og overtrår reglane. Gjennom rolleleik lærer dei seg difor å beherske den sosiale verda og skaffe seg eit variert åtferdsmønster. Dei lærer seg korleis dei skal opptre i ulike situasjonar. I rolleleiken får barnet også forståing for sosiale roller, ulike sosiale miljø og institusjonar i samfunnet gjennom rolla dei spelar. Leik blir barn sin måte "å forstå" den vaksne verda.

4.2 Intellektuell dugleik
Dei intellektuelle prosessane omfattar dei mentale aktivitetane som har med vår erkjenning å gjere. Det dreiar seg om evna til å oppfatte ting og hendingar rundt oss, hukommelse, omgrepsforståing, resonnering, problemløysing osv., dvs prosessar som inngår i det vi gjerne kallar intelligens.

Strukturen som er i leik har nær samanheng med strukturen i ein læringsaktivitet. I leik vil barn bruke fantasien og kreativiteten til å danne hypoteser. Desse hypotesene vil bli testa og prøvd ut. Barn gjer seg erfaringar og vurderer desse og dei nye erfaringane blir tilpassa dei gamle, som igjen gjev barnet nye impulsar. Til dømes vil eit barn gjennom prøving og feiling finne den mest effektive måten å hoppe over ein bukk på. Dei kan sjå føre seg korleis dei skal gjere det og tilpasse seg deretter. Det er viktig for barn sine førestellingar både om seg sjølv og si indre verklegheit og den ytre verklegheita og verda omkring, blir så korrekt som mogleg, samt det å kunne førestille seg det som ikkje eksisterar her og no. I "på liksom" leiken øvar ein den førestellingsevna, og førestellingane finslipast gjennom å leikast ut i handIing og gjennom konfrontasjon med andre barn sine oppfatningar. Førestelling og verklegheit påverkar kvarandre vekslesvis. Opplevingar påverkar leiken og leiken klårgjer opplevingane.

Gjennom bruk av symbolar lærar barn og beherske førestellingar. Til dømes det å kunne tenke seg en situasjon, prøve ut strategiar og ta til seg kunnskap og innsikt på grunnlag av erfaringane. Leik har på den måten ein viktig funksjon som læringsaktivitet. Barn må gjer seg sine eigne erfaringar og gjennom leiken meistrar dei dette på sin eigen måte og i sitt tempo. Eit barn som er i aktivitet er eit skapande barn. Og i leik blir omgrep som årsak- verknad, konservasjon, tenke reversibelt, mengde og størelsesomgrep, matematiske og fysiske omgrep osv. gjort klårare ved leikande omgang.

I leik karakteriserast framgangsmåten for å løyse ei oppgåve konstruktivt. Gjennom symbolikken dannar barn seg førestellingar på det mentale plan. Eit barn kan sjå for seg konglar som sauer på ei mark. Innanfor leiken sine frie rammer blir dette ein skapande kapasitet. Barn prøvar å finne alternative bruksområder, andre måtar å kategorisere på, prøve og kombinere på. Gjennom denne stimuleringa lærer barn seg å løyse problem. Til dømes når barn lagar hytte; Korleis skal hytta sjå ut, korleis stor må opninga til døra vere osv.. Leik er ikkje bere karakteristisk for førskulealderen. Mentale prosessar som kjenneteiknar leiken, slik som induktiv og divergent måte å tenke på, og differensiering og førestellingar og bileter, vil ikkje automatisk stoppe med alderen. Det vil også ha verknad for måten du tenkjer på som vaksen.

4.3 Språkleg dugleik
Det verbale har ein viktig sosial funksjon og språket er truleg den viktigaste av kommunikasjonsformene. På individplan har språket også ein anna viktig funksjon. Det er eit reiskap for organisering av den indre verda vår. Men for barn er leik og ein måte å vokse seg inn i samfunnet på; å lære seg å forstå symbolsystemet og ta til seg språk. I leiken får barn utvikle sin språkleg dugleik gjennom kommunikasjon men andre barn og vaksne. Ein stor del av leiken går ut på å kommunisere med andre. Rollespel og imitasjon karakteriserer leiken. Å kunne kommunisere gjennom kroppsspråket blir då viktig, som til dømes og kunne vise sinne og glede. Samtidig kommuniserer ein gjennom verbalspråket. Barn diskuterer, reflekterer, utvekslar erfaringar osv. Alt dette er med på å øve opp språket. Språket utviklar seg gjennom denne stimuleringa og samhandlinga med andre. Barn lærer seg å sette ord på tankane og kjenslene sine.

I leik er det mykje manipulering av språk, til dømes elle melle for å dele opp lag til fotball, bamse bamse ta i bakken når ein hoppar tau osv. Denne eksperimenteringa med språket er og ein viktig del av utviklinga. Barn tek på seg ulike roller i leiken og dei bruker ofte nettopp språket til å vise dette. Det er tydleg å høyre kven som er mor, kven som er far og kven som troll. Men språket er og viktig når barn leikar åleine. Barn snakkar ofte med seg sjølv og lagar ulike stemmer når det leikar åleine. Denne egosentriske tala er grunnlaget for refleksjon og medvit. Om det er kommunikason med andre eller egosentrisk tale, er det gjennom bruk av språk at barn kan utvikle det.

Metakommunikasjon om leik aukar den språklege medvite, som er naudsynt for lese og skrivetrening. I leik skal barn verbalt kunne formidle fantasikontekst og sosiale eigenskapar ved den rolla dei har. I samspel med andre skal dei utveksle erfaringar og kunnskapar på ein slik måte at andre forstår det. Barn lærer seg å utvikle å tilpasse språket sitt etter situasjonen.

4.4 Motorisk dugleik
Motorisk dugleik er rørsler og korleis vi utviklar og tar til oss desse. Motorisk utvikling kan delast i to hovudområder: grovmotorisk utvikling som omfattar utvikling av dei grunnleggjande rørslene som å rulle, sitte, gå, kaste, springe osv., og finmotorisk utvikling som omfattar utvikling av auge- hand- og auge fot-koordinasjon. Eit barns motoriske evne er det viktigaste grunnlaget for læring og personleg utvikling og difor eit viktig tema..

Illustrasjon ved Ann-Kristin Høines

aktivitetGjennom leik lærer ein mykje teknikk og kontroll av kroppen. Det kan virke meiningslaust når eit barn gjer akkurat den samme øvinga gong etter gong. Men det ligg mykje teknisk dugleik i til dømes å sprette en ball hundre gonger uten å misse kontroll over den. Dette kallast av forskarar for "mastery learning". Slik gjentaking er og naudsynt for å automatisering av rørsler som dannar grunnlaget for nye rørsler. "Learning by doing" som Dewey seier. Gjennom leik observerer ein også andre. Vaksne er ofte eit godt førebilete for unge, men i leiken får barn observere andre på sitt eige nivå. Det ligg mykje læring i å sjå på andre. I leik er og barn ivrige til å fortelje kvarandre korleis ein kan gjere ting. Undersøkingar viser at barn lærer meir effektivt ved å sjå på og delta i leik enn gjennom konstruksjon

I leik får barn ei allsidig stimulering. Barn må få utforske seg sjølve og miljøet rundt seg. Å prøve ut kroppsrørsler er ein del av denne undringa. Å hoppe, rulle, krype, gå, åle osv. Det kan synast som enkle aktivitetar, men desse fylogenetiske rørslene er grunnleggjande og avgjerande for den vidare motoriske utviklinga. I leiken får barn prøve ut desse rørslene. Dei balanserer, dei hoppar , dei spring og dei klatrar. Gjennom å bruke desse rørslene og kunne kombinere dei, utviklar barn eit solid rørslemønster som gjev grunnlag for seinare utvikling og aktivitet. Eit slikt motorisk grunnlag er viktig. Forskarar hevdar at den rørsleerfaringa som dei fyrste åra gjev, blir avgjerande for vår motoriske standar resten av livet. Til dømes kan dårleg motorikk virke inn på skrivetrening, som krev presise rørsler.

I dag har til mange stillesitjande aktivitetar som til dømes data, fjernsyn og video tatt over for mykje av den fysiske aktiviteten. Undersøkingar har vist at enkelte barn har problem med til dømes å halde balansen, hinke. Å meistre krev øving, som barn får gjennom leik og det å vere i aktivitet. Barn må få moglegheit til allsidig rørslelæring gjennom blant anna leik som høyrer naturleg heime i barna sitt levemiljø. Dette vil gje barna ein allsidig motorikk, dvs grunnleggjande og allsidig rørsleerfaring, effektive rørsler og førebygging av skader. Eit slikt grunnlag er viktig fordi ein regnar med det gjev naudsynte byggjesteinar for vår "vaksne" rørslelæring. Forskarar hevdar at det vi går glipp av i barndomen når det gjeld rørsleerfaring er vanskeleg å ta igjen, eller kan ikkje takast igjen seinare.

4.5 Fysisk dugleik
Fysisk dugleik går på korleis kroppen utviklar seg fysisik. Til dømes korleis kroppen veks, korleis hjarte og lungene utviklar seg. Når barn byrjar på skulen er dei i ein labil overgangsalder. Det skjer mange forandringar både psykisk og fysisk. Barnet har blitt større og kraftigare og kroppsproposisjonane har endra seg. Beina er lengre og hovudet er mindre i forhold til resten av kroppen. Dette gjer at tyngdepunktet til barnet kjem lavare, slik at barnet får betre balanse. Barnet har blitt høgre og meir slank og meir lettvint. Armar og bein er nesten utvikla. Knoklane veks raskare enn musklane. Bøye- og strekkmusklane utvikla seg og ulikt. Dette gjer barnet uroleg og hengslete. Samtidig er det i stand til å gjere stadig vanskelegare og meir samansette rørsler. I den fasen når kroppen veks mykje og skjeletet utviklar seg raskt toler ikkje kroppen store og vedvarande belsatningar. Samtidig som fysisk stimulering er naudsynt for ei optimal utvikling av kroppen. Leik gjev då god allsidigheit på den måtan at barn får regulere belastning og tempo sjølve.

Seksåringar har kraftige rørsler og er nokså dyktige i gang, springing, hopp og kast. treBarn i denne alderen er ofte dristige i sine val og går opp i leik med kropp og sjel. Dei likar å leike ute der dei kan boltre seg og bruke stor plass. Barn i denne alderen har eit behov for å gjere seg kjend med kroppen og føle at dei meistrar ting. Dette gjer at det er opptekne av leikar med reglar og lover som, gøyme og leite, boksen går osv. Dei er og opptekne av å leike som dei større barna gjer, som til dømes sparke fotball, hoppe tau osv. Det å kunne bli kjende med kroppen og få kunnskap kva vi beherskar er viktig for oppfatninga av oss sjølve og seinare fysisk aktivitet.

Som om andre organ utviklar nervesystemet seg ved bruk og trening. I dag veit vi at motorisk aktivitet er ein føresetnad for optimal utvikling av små barn sitt hjerne og nervesystem. Det skjer ei klår vekselverknad: aktivitet utviklar og utvikling stimulerer til ny aktivitet. Allsidig aktivitet er difor viktig. Erfaringar viser at barn i dag har lett for å bli svake i overkropp/armar. Det er då viktig å skape eit miljø som stimulerer til klatring og allsidig bruk av kroppen, til dømes gjennom leik. Gjennom leik får og barn ei uthaldstrening som gjer det lettare å leike, samtidig som det dannar grunnlaget for seinare fysisk trening .

Illustrasjon ved Ann-Kristin Høines

 
Til kva seier L-97

Søk på Barnemix:

Rosa og Ridderen
Adorables
muffeladen.no









Det er forbudt å kopiere bilder, innhold eller oppsett fra disse sider uten skriftlig tillatelse.
Copyright © 2006 Barnemix | Tips oss | Annonsere her? | Til toppen