
DEN VOKSNES ROLLE I LEKEN
Skrevet av Ann-Kristin Høines
Ein forbind ofte leik med noko som høyrer barn til og det er difor best at dei får styre med sitt når dei leiker. Men i seinare tid og ikkje minst med L-97, har leik fått meir betydning. Ein kan lære mykje av å engasjere seg i leik og observere barn i leik. Men korleis skal vi som lærarar og vaksne forholde oss til leik slik at det blir ei posistiv oppleving både for store og små?
5.1 Trygge rammer
5.2 Respekt og engasjament
5.3 Rettleie og stimulere
Illustrasjon ved Ann-Kristin Høines
5.1 Trygge rammer
For
at barn skal kunne klare å leike i lag med andre må dei
ha visse omgrep om at det dei gjer ikkje er verkeleg, men noko dei
bere gjer på liksom. Dei må kunne oppfatte skilje mellom
leik og alvor. Det er den vaksne som fyrst lærar barnet å skilje
mellom kva som er leik og kva som er alvor. Dette er viktig i det fyrste
leveåra. Seinare blir den vaksne sin kultur og leikande omgang
med barn grunnleggjande for at barns leik skal utvikle seg. Når
vaksne ved deira handlingar lever seg inn i leiken, syner dei og respekt
for leiken. Denne respekten gjeld også at vaksne ikkje utan vidare
avbryt eller forstyrrar barns leik. Ei forutsetning for leik er tryggleik,
fred og ro. Ofte klarer barn dette sjølv ved å finne ein
fredeleg krok på leikeplassen. Men barn som er urolege, usikre
og anspente treng støtte . Dei har behov for å vite at
ein vaksen er i nærleiken. Barn leiker gjerne i nærleiken
av ein vaksen som likar leik og er god til å leike. Undersøkingar
visar at om ein vaksen er synleg til stades vil det stimulere til tryggare
leik. Barn kjenner seg tryggare og vil då leike meir frimodig.
Leik er ikkje alltid like idyllisk. Den kan skje røffe tak på leikeplassen om ein vaksen ikkje er til stade. Leik kan gli over i ein prestisjekamp, mobbing og utestenging av dei svake. Det er viktig at den vaksne stimulerer og oppmodar til leik som gjev ei sunn utvikling og allsidigheit. Dette gjer ein ved å vere til stades, vise interesse for barns leik. Den vaksne kan og delta aktivt i leiken og på den måten formidle verdiar om kvar grensene for leik og alvor går. Det er ikkje alltid barn sjølv forstår når leiken ikkje lenger er morosam for andre. Her kan den vaksne vere ein støttande faktor, som gjennom å vere aktiv kan gå føre som eit godt førebilete. Det er viktig å bruke leiken som utgangspunkt og ikkje bli for moraliserande, det vil gjer meir skade for leiken enn nytte.
5.2 Respekt og engasjamentMange vaksne kan kvi seg på å leike med barn fordi dei meiner dette vil forstyrre eller endre leiken, eller gjere at barn får vanskar med å skilje mellom leik og røyndom. Men det er viktig at vi som vaksne er aktive. Vi kan foreslå aktuelle tema for leiken, finne passande materiale eller ved å sjølv begynne å leike. På den måten kan ein gje barn ein puff, stimulere og oppmode til aktivitet. Samtidig som ein på ein god måte kan få variasjon i leiken om det skulle vere eit behov. Gjennom å vere aktiv i leiken møter ein på barn på deira premissar. Det å komme barn i møte på deira nivå er ei viktig forutsetning for læring og utvikling. Gjennom å delta å vere aktiv i leiken, får ein betre kjennskap til barna. Som ein vaksen deltakar ser ein samspelet i gruppa frå ein ny synsvinkel og oppfattar barn sin eigenart på ein anna måte enn som tilskodar. Gjennom å delta sjølv i leiken er det og lettare å få med seg barn som ofte fell utanfor. Ein aktiv vaksen som har ei leikande haldning til aktiviteten får fram gleda ved prosessen framfor sjølve produktet.

Illustrasjon ved Ann-Kristin Høines
Studiar har vist at språket til barn endrar seg når ein vaksen deltar. Ytringane blei lenger, barna spurte meir, utforska meir, fortale meir og informerte meir. Dette syner kor viktig det er at ein vaksen samtaler og leiker med barn.
5.3 Rettleie og stimulereDen vaksne si oppgåve bør vere å rettleie og stimulere til leik utan å gje direktiv. Den vaksne skal vere tilgjengeleg og på den måten gje eit trygt haldepunkt for barna/elevane. Om det oppstår problem kan ein gje forslag til løysingar, gje forslag til aktivitetar om nokon står fast, i det heile vere der som ein ressurs person elevane kan vende seg til. På den måten skaper ein ei trygg atmosfære for leik. Den vaksne si rolle er å ha innleving, vite når ein skal vere aktiv og når ein skal observere, når ein skal rettleie og når ein skal gripe inn. Det er viktig at vi som vaksne og lærara har kunnskap om kva rolle vi bør ha i leiken.
Vi har to formar for leik; den styrte leiken og den frie leiken. I den styrte leiken er rammene og innhaldet i leiken fastesett. Det er dermed sett grenser for aktiviteten og utfaldinga til barna. Dette vil hemma mykje av den spontane og lystprega gleda til barn. Styrt leik kan brukast om det blir lagt opp på rett måte, dvs på en slik måte at ein ikkje tek vekk motivasjonen hos barn. Det beste er den frie leiken. Barn er ekspertar på leik og gjennom den frie leiken får dei utfalde seg fritt. Det er her det største rommet for utvikling og læring ligg, nettopp fordi det skjer på barn sine eigne premissar. Dette kombinert med ein vaksen som er tilgjengeleg og kan tre inn når det trengst, gjev ein god arena for leik.
Copyright © 2006 Barnemix | Tips oss | Annonsere her? | Til toppen




